Kort fortalt

Kvinner til sjøs får mentorordning

Nysatsing frå NHO Sjøfart.

NPK
04.02.2026

(NPK): NHO Sjøfart lanserer ei ny mentorordning for kvinner i samarbeid med medlemsreiarlaga sine. Målet er å gi nytilsette kvinner på sjøen betre støtte i møte med arbeidslivet og dermed bidra til auka trivsel og langsiktig rekruttering.

– Heldigvis trivst dei aller fleste, både kvinner og menn, svært godt på sjøen, og lærlingar til sjøs har høg gjennomføring. Samtidig veit me at nokre opplever ugrei oppførsel og ikkje alltid finn seg til rette, seier Evelyn Blom-Dahl, fagdirektør i NHO Sjøfart i ei pressemelding.

Redningsselskapet har i ei årrekkje arbeidd aktivt for auka mangfald og fleire kvinnelege sjøtilsette. Den nye mentorordninga skal vere eit supplement til eksisterande rekrutterings- og kompetansetiltak i næringa.

– Me trur summen av mange ulike tiltak er det som kan betre rekruttering av kvinner til maritime yrke. Mentorordningar er eit godt initiativ og verkemiddel, og noko me ser positivt på, seier sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.

Den nye ordninga vart lansert denne veka på konferansen Kvinner på sjøen, som NHO Sjøfart arrangerer i samarbeid med Redningsselskapet på RS Noatun i Horten.

(©NPK)

Publisert: 04.02.2026 13:22

Sist oppdatert: 04.02.2026 13:22

Mer om