NPK-NTB: Tolletatens kvoteapp hadde i første kvartal i år 11.580 fortollingar, noko som er ny rekord. Det er øl og vin det blir fortolla mest av.
Applikasjonen gjer det mogleg å rekne ut kvoten slik at du kan fortolle alkohol og tobakk dersom du har med deg meir enn tillate. Det du overskrid, kan du betale i appen.
I 2018 vart det gjennomført totalt 26.671 fortollingar i appen, eit beløp som utgjorde nesten 18 millionar kroner, skriv tolletaten i ei pressemelding.
Fortollingane i januar, februar og mars i år utgjorde 2,8 millionar kroner.
Det er øl og vin det framleis blir fortolla mest av. I første kvartal i år vart det selt øl for 1,4 millionar kroner og vin for 805.000 kroner.
60 prosent av fortollingane i appen, som vart lansert i 2016, i første kvartal vart betalt med Vipps.

Publisert: 16.04.2019 09:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35