Kort fortalt

Kværnerkontrakt til 900 millionar

Kværner skal bygge stålunderstellet til prosessplattforma på Johan Sverdrup. 

31.10.2018
NPK-NTB: – Med denne kontrakten viser Kværner og norsk leverandørindustri at dei endå ein gong er konkurransedyktige i ein internasjonal marknad, seier prosjektdirektør Trond Bokn for Johan Sverdrup.
Han viser til at meir enn 70 prosent av kontraktane i første fase av prosjektet gjekk til norske leverandørar. Denne nye kontrakten til Kværner er del av andre fase, og her vil delen norske kontraktar vere endå høgare, ifølgje Bokn.
Understellet til fase 2 prosess-plattforma skal leverast våren 2021. Aktiviteten vil vere høgast i perioden frå september 2019 til mai 2020 når omtrent 300 tilsette kjem til å jobbe på dette prosjektet, ifølgje Kværner.
Ingeniørarbeida vil bli utført ved Kværners kontor i Oslo og startar umiddelbart. Prosjektleiinga skal vere basert i Verdal. Her vil prefabrikasjon starte på forsommaren.
Det ferdige understellet vil ha ei totalvekt på meir enn 12.300 tonn.

Publisert: 31.10.2018 09:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37