Kort fortalt

Kystfartøy får fiske makrellstørje

Fleire fartøy får delta.

NPK
07.03.2022

(NPK): Kvoten på årets makrellstørjefiske blir 315 tonn, det same som i 2021. I år får også småskala kystfartøy delta.

Det opplyser Nærings- og fiskeridepartementet.

Av totalkvoten på 315 tonn er det sett av 15 tonn til bifangst, 10 tonn til merkings- og rekreasjonsfiske og 18 tonn til eit forsøksfiske på levandelagring av makrellstørje.

Det er den internasjonale fiskeriforvaltningorganisasjonen ICCAT som forvaltar tunfisken i Atlanterhavet og som godkjende Noregs reguleringsplan for årets makrellstørjefiske førre veke. Godkjenninga inkluderer også høve til å etablere ei eiga gruppe for småskala kystfartøy, der også linefartøy får fiske. Denne gruppa får ein gruppekvote på 18 tonn, og inntil 25 fartøy vil kunne delta.

(©NPK)

Publisert: 07.03.2022 13:54

Sist oppdatert: 07.03.2022 13:55

Mer om