Kort fortalt

Kystfiskarlaget vil ha større kvotekutt

Nedgang i bestanden uroar.

NPK
17.07.2023

(NPK): Kystfiskarlaget vil ha større kutt i kvotane enn det forskarane tilrår.

Naturleg nedgang i torskebestanden gjer at forskarar foreslår eit kutt i fiskekvotane. Det er ikkje nok, meiner Kystfiskarlaget, skriv NRK Troms og Finnmark.

Leiar i Noregs Kystfiskarlag, Tom Vegar Kiil, peiker på at det er ein norsk-russisk forvaltningsregel som set grenser for kvoterådet frå forskarane.

Ifølgje regelen kan ikkje kvoten for nordaustarktisk torsk, til dagleg kalla skrei, endrast med meir enn 20 prosent frå eit år til det neste. Regelen gjer at kvotereduksjonen har vore mindre enn han elles ville vore.

– Vi fiskar for mykje torsk i forhold til det vi burde gjere, ifølgje Kiil.

Dersom gytebestanden kjem under det såkalla «føre-var-nivået», må norske og russiske styresmakter sjå bort frå forvaltningsregelen. Kiil trur dette kan skje brått, kanskje i 2025.

– Då kan kvotane bli redusert med 40 prosent, noko som burde skje allereie for årets kvotar. Ein kan sjå at det går feil veg allereie no, og då må vi ta dei grepa som trengst, seier han.

(©NPK)

Publisert: 17.07.2023 10:38

Sist oppdatert: 17.07.2023 10:38

Mer om