Kort fortalt

Kystruten dropper el- og hybridbiler

Rederiet tar ikke sjansen.

NPK
13.01.2023

(NPK): Havila Kystruten har bestemt seg for ikkje ta med el-, hybrid- og hydrogenbilar. Fossile bilar kan få vere med, men det blir berre mogleg å køyre på og av i Bergen og i Kirkenes.

Havila Kystruten opplyser at dei etter ein risikoanalyse utført av Proactima AS har bestemt at berre bilar og motorkøyretøy som bruker fossilt drivstoff kan fraktast om bord på skipa til selskapet, skriv Firdaposten. Det betyr at el-, hybrid- og hydrogenbilar ikkje kan fraktast om bord.

Ifølgje ei pressemelding har dei bedt om ei ekstern vurdering når det gjeld transport av motorkøyretøy om bord på kystruteskipa til selskapet.

– Dette er ei rein sikkerheitsvurdering, og konklusjonen av risikoanalysen viser at ein eventuell brann i fossile køyretøy vil kunne handterast av systema og mannskapet vi har om bord, seier administrerande direktør Bent Martini.

– Ein eventuell brann i el-, hybrid- eller hydrogenbilar vil krevje ekstern redningsinnsats og vil kunne setje menneske om bord og skipa i fare. Vi tek tryggleiken på alvor, og dette er naturlegvis ein risiko vi ikkje under nokon omstende er villige til å ta.

Private køyretøy kan berre køyre om bord i Bergen og Kirkenes. Unntaket er servicekøyretøy for personell som gjer naudsynt arbeid om bord, og utrykkingskøyretøy.

(©NPK)

Publisert: 13.01.2023 17:15

Sist oppdatert: 13.01.2023 17:16

Mer om