Kystruten i dialog med departementet
Samferdselsdepartementet vil vite meir om Russland-sanksjonane.
Samferdselsdepartementet har oppretta dialog med Havila Kystruten om korleis drifta av selskapet blir påverka av sanksjonane mot Russland.
– Vi er opptekne av å sikre eit tilfredsstillande transporttilbod på strekninga. Departementet forheld seg til at Havila Kystruten arbeider for ei alternativ finansiering, seier statssekretær Odd Steinar Åfar Viseth (Ap), til NRK.
Departementet er kjøpar av sjøtransporttenester frå Havila på strekninga Bergen – Kirkenes. Havila skal ifølgje avtalen drive fire skip som går i rute mellom Bergen og Kirkenes på same måten som Hurtigruten.
I går vart det klart at det statlege russiske selskapet GTLK, som skulle finansiere dei fire skipa, er sanksjonert.
Det første av Havilas fire skip la ut på jomfruturen sin på kystruta i desember. Dei tre neste skipa skulle etter planen bli leverte frå verftet og kome i drift i løpet av 2022.
Publisert: 12.04.2022 17:56
Sist oppdatert: 12.04.2022 17:57