Det er uveret Gyda som har fått Havila Kystruten til å bli liggande ved kai.
Havila Kystruten det som uforsvarleg å krysse havstykket Folda på ein sikker måte. Seglasen til Havila Capella frå Rørvik til Bergen og tilbake til Rørvik må difor kansellerast, ifølgje ei pressemelding.
Avstigande passasjerar vert sende med buss frå Rørvik til Trondheim fredag morgon der fly tek dei vidare. Påstigande grupper på turen som skulle gå frå Bergen fredag 14. kjem med fly til Trondheim og buss vidare til Rørvik, heiter det i pressemeldinga.
Publisert: 13.01.2022 08:43
Sist oppdatert: 13.01.2022 08:48