NPK: To år er gått sidan det norske torskefisket innanfor 12-mila mista MSC-sertifiseringa si. I oktober kan den vere på plass igjen.
Det skriv Fiskeribladet.
No er prosessen med å få tilbake miljømerket frå Marine Stewardship Council (MSC) eit steg nærare målet, da det førre veke kom ein ny MSC-rapport om det norske torskefisket. Rapporten har mellom anna ei vurdering av om fisket blir tilrådd for sertifisering eller ikkje.
– Dei førebelse konklusjonane i denne rapporten er positive når det gjeld sertifisering. No er det opp til gruppa å samle inn og vurdere kommentarane frå interessentane, seier Tor Bjørklund Larsen, seniorrådgivar i Norges fiskarlag.
Miljømerket kan vere viktig for å få selt norsk torsk til utlandet, spesielt i den europeiske og amerikanske marknaden.
Publisert: 06.09.2023 14:45
Sist oppdatert: 06.09.2023 14:45