Kort fortalt

Kysttorsken skal få det betre

Vert fiskeforbod og auka selfangst.

25.03.2019
NPK: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik set i verk fleire tiltak for å betre situasjonen for kyst- og fjordtorsk i Sør-Noreg.
Tilstanden for kyst- og fjordtorsk har blitt dårlegare dei siste åra.
– Både faglege råd og føre-var-omsyn tilseier at fangstpresset må reduserast og at områda der torsken gyter må beskyttast, seier ministeren i ei pressemelding.
Problemområda er i hovudsak på kysten frå Lindesnes til Sverige, og Havforskingsinstituttet meiner behovet for tiltak er størst frå og med Telemark til svenskegrensa.
Dei konkrete tiltaka inneber eit forbod mot torskefiske innanfor grunnlinja frå Telemark til svenskegrensa, i tillegg til ei auka kvote på selfangst for å redusere press frå rovdyr. Det er også forbode med all fiske i gytefelt frå 1. januar til 30. april i området frå Lindesnes til Sverige.
Dei nye tiltaka kjem samstundes med prosjektet «Krafttak for torsken», som er eit samarbeid mellom ulike statlege og fylkeskommunale institusjonar. Både Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet er ein del av prosjektet. Kunnskapen frå prosjektet kan bidra til reguleringsutviklinga av tiltaka.

Publisert: 25.03.2019 10:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35