Kort fortalt

Kystvaktsentralen skal fasast ut

Vert erstatta av automatiserte tenester.

NPK
01.11.2021

Innmelding av fastståande reiskap skal automatiserast, og bemanninga ved Kystvaktsentralen blir redusert frå 1. januar 2022.

Kystvaktsentralen har lenge hatt ein sentral funksjon i utvekslinga av viktige fiskeridata mellom fiskarar. Nokre melder inn kor nye garn, liner eller teiner er sette, slik at andre fiskarar kan innrette seg etter det.

Ifølgje Fiskeribladet er desse innmeldingane i stor grad automatiserte, og Kystvakta tek no konsekvensen av det og varslar redusert behov for operatørar ved sentralen frå årsskiftet.

Men no spør ein seg på Kystvaktsentralen om alle involverte er førebudde på denne overgangen, og det er frykt for køar på telefonen når det blir hektisk på fiskefeltet.

Leiar for ressurskontrollen hos Kystvakta på Sortland, Erling Øksenvåg, trur overgangen vil gå heilt greitt. Han fortel at over 90 prosent av meldingane inn til Kystvaktsentralen i dag skjer ved at det blir send ein e-post frå båten, til dømes via kartplottaren.

Han fortel at det framleis skal vere folk på sentralen, slik at dei som treng assistanse, skal få det.

Kystvaktsentralen er ei sivil teneste som Kystvakta leiger inn. Leif Johnsen er styreleiar i selskapet som har drifta Kystvaktsentralen sidan oppstarten. Han meiner at det står att å sjå om ein så omfattande overgang verkeleg kan fungere frå første dag.

Han fortel at når vinterfisket startar, så får dei inn rundt 2000 meldingar på ein dag, og at det då ikkje er uvanleg at opp mot halvparten skjer via telefon.

Publisert: 01.11.2021 16:43

Sist oppdatert: 01.11.2021 17:00