Termo
BLOMSTER: Rekordomsetning for Termo Partner i fjor, som køyrer blomster og planter til heile Norge. Foto: Termo Partner
Kort fortalt

Frakta blomster for 203 millionar

Høg omsetning, men lite å tene på å køyre blomster og planter.

26.05.2023

Dei to Stryn-selskapa Termo Partner AS og Termo Partner Transport AS vart etablerte i 1991. Termo Partner er spedisjonsselskapet, medan Termo Partner Transport tek seg av transporten.

Selskapa har etablert seg som ein leiande aktør for transport av blomster og planter i Noreg.

Selskapet køyrer faste importruter frå Holland, Tyskland, Danmark og Belgia. I Noreg har ein faste transportruter ut over heile landet, frå Kristiansand i sør til Alta i nord.

Selskapet sitt hovedkontor er lokalisert i Stryn, medan utgangspunktet for bilparken er lokalisert hjå største eigar og kunde, Blomsterringen Engros, på Skjetten.

Samla sett har Termo Partner og Termo Partner Transport 100 årsverk, og 60 eigne bilar. Ved Stryn-basen var det i fjor sysselsett ni årsverk.

I fjor vart det sett solid ny omsetningsrekord for Termo Partner. Omsetninga bikka 203 millionar kroner, medan resultatet før skatt enda på 1,6 millionar kroner. Det var likevel høgare enn året før. Berre i 2013 har selskapet gått med tap.

For transportselskapet vart det også ny solid rekord, men også her berre så vidt at drifta gjekk i pluss.

Blomsterringen er største eigar av selskapa med 56,6 prosent, medan Brynjulf Magne Nesje og Rune Heggestad Ommedal kvar eig 15 prosent. I tillegg er det fleire små aksjonærar frå Stryn.

Termo Partner
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 203,0 158,0
Driftsresultat 1,3 0,7
Resultat før skatt 1,6 0,09
Termo Partner Transport
Driftsinntekter 125,0 82,5
Driftsresultat 1,2 0,5
Resultat før skatt 0,6 0,2

Publisert: 26.05.2023 15:00

Sist oppdatert: 26.05.2023 17:46

Mer om