Kort fortalt

Lågaste kjøttproduksjon på ti år

Ny nedgang i 2024, viser ferske tal.

NPK
16.01.2025

(NPK): Fjorårets produksjon av raudt kjøtt i Noreg var den lågaste på ti år. Nedgangen omfattar både storfe, småfe og gris, skriv Nationen.

Ifølgje tal frå Animalia fall den samla produksjonen av raudt kjøtt til rundt 229.000 tonn, ein nedgang på om lag 3,5 prosent frå året før.

Storfe opplevde den største nedgangen med ein reduksjon på fem prosent, medan produksjonen av sauekjøtt var den lågaste sidan 1996.

– Gris og storfe har dei siste åra vore prega av overproduksjon. For marknadssituasjonen er det kritisk viktig at ein ikkje har overskot av kjøt i Norge, så på storfe og gris er nedgangen i produksjonen ønska, seier Morten Røe, fagsjef for klassifisering i Animalia, til Nationen.

Trass i nedgangen i produksjon, bremsar fråfallet av bønder opp. Særleg innan griseproduksjon er nedgangen i talet på produsentar minimal samanlikna med tidlegare år.

(©NPK)

Publisert: 16.01.2025 10:57

Sist oppdatert: 16.01.2025 10:57