NPK: Det er no 556 søkjarar som ikkje har fått seg læreplass i Vestland fylke. Det skjer samtidig som behovet for arbeidskraft er stort.
Vestland fylkeskommune fortel at det er størst utfordringar med å skaffe læreplassar i desse faga: helsearbeidarfag, barne- og ungdomsarbeidarfag, industriteknologifag, elektrofag og byggteknikk.
– Eg håpar at lærebedriftene no er om seg og sikrar seg lærlingane dei treng. Vi er avhengige av fleire fagarbeidarar framover, og den beste fagutdanninga skjer i dei gode lærebedriftene våre. Ved å ta inn lærlingar får bedriftene også høve til å sikre seg gode medarbeidarar i framtida, seier Karianne Torvanger, som er hovudutvalsleiar for opplæring og kompetanse, i ei pressemelding.
Det er fleire årsaker til at mange ikkje har sikra seg ein læreplass.
– Søkar har eit ansvar sjølv for å skaffe seg læreplass, men akkurat no tenkjer eg at lærebedriftene òg må sjå nøye på om dei kan bidra til at fleire får ein læreplass. Søkar må også vere villig til å reise dit læreplassane er, seier Roger Pilskog, som leiar yrkesopplæringsnemnda i Vestland fylkeskommune.
Publisert: 20.08.2021 11:12
Sist oppdatert: 20.08.2021 11:14