Då fristen var ute hadde investorar teikna seg for 1.215.560 aksjar av i alt 16.666.666 tilgjenglege aksjar i Hofseth Biocare.
Kapitalutvidinga er ein såkalla reparasjonsemisjon der aksjonærer som ikkje fekk vere med på kapitalutvidinga i oktober hadde høve til å gå inn med pengar.
Kapitalutvidinga i oktober var på 158 millionar kroner og vart gjort til 1,80 kroner aksjen. Det var også kursen i reparasjonemisjonen. Etterpå har stort sett kursen ligge under 1,80 kroner aksjen slik at det har vore billegare å kjøpe aksjar der enn å delta i reparasjonsemisjonen,
Hofseth Biocare videreforedlar avskjær og restråstoff frå lakseslakteri til ingrediensar til helsekost- og kjæledyrmarkedet. I tillegg arbeider selskapet for å utvikle og få godkjent legemidlar basert på dei samme råstoffa.
Publisert: 21.11.2025 11:20
Sist oppdatert: 21.11.2025 11:20





