Kort fortalt

Laber interesse for lakseemisjon

Atlantic Sapphire fekk berre inn 34 millionar kroner.

29.04.2023

Lakseselskapet hadde håp om å få teikna 20 millionar nye aksjar til kurs 5,00 kroner, og dermed få inn totalt 100 milllionar kroner.

Men då teikningsperioda var ute, hadde investorane teikna seg berre for 6.706.606 nye aksjar. Dette utgjer rundt 34 millionar kroner, opplyser selskapet i ei børsmelding.

Aksjen vart fredag handla til 5,05 kroner på tampen av fredagen, noko som prisar selskapet til 1,3 milliardar kroner.

Publisert: 29.04.2023 20:16

Sist oppdatert: 29.04.2023 20:16

Mer om