Ladestasjonar firedobla på få år
Dobling for landstraumanlegg.
(NPK): Talet på ladestasjonar for ferjer er firedobla mellom 2019 og 2021. I same periode auka talet på landstraumanlegg frå 92 til 177, går det fram av tal frå Statistisk sentralbyrå.
Innfasing av elektrisk drivne ferjer og hurtigbåtar er ein sentral del av arbeidet med å nå målet om fossilfri kollektivtransport innan 2025 og halvering av utsleppa frå innanriks sjøfart innan 2030.
Ei kartlegging gjort av Kystverket viser at det i august 2021 var 61 dedikerte ladeanlegg for elektriske ferjer i Noreg, fordelte på 27 ferjesamband. Dette er 46 fleire ladeanlegg samanlikna med same periode i 2019. Majoriteten av ferjesambanda med dedikerte ladestasjonar ligg på Vestlandet og er knytt til fylkesvegnettet. Ifølgje Kystverket er det planlagt ytterlegare 47 nye ladestasjonar innan utgangen av 2024.
Landstraumanlegg i norske hamner er også ein viktig del av satsinga på reduserte utslepp frå skipsfart. Skip som ligg til kai har behov for energi til lys, oppvarming, drift av hjelpesystem, bevertning og liknande. Tradisjonelt har dette energibehovet blitt dekt av hjelpemotorar drivne med oljebaserte drivstoff.
Kartlegginga til Kystverket viser at det i starten av august 2021 var etablert i alt 177 anlegg for landstraum med elektrisk spenning på minimum 400 volt ved norske hamner. Dette er ein auke på 92 prosent samanlikna med våren 2019. Av desse var 10 anlegg høgspente, 130 lågspente, medan 37 anlegg i kartlegginga hadde ukjent spenningsgrad.
(©NPK)
Publisert: 19.08.2021 16:02
Sist oppdatert: 19.08.2021 16:07