NPK: Vestlandsrådet er i gang med å lage ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Strategien skal leggast fram i slutten av mai.
Vestlandsrådet, det politiske samarbeidsrådet mellom fylkeskommunane Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal, er i gang med å lage ein felles næringsstrategi. Målet er å styrke Vestlandet som region for verdsleiande, berekraftig næringsliv. Dette skal mellom anna vere basert på kunnskapen og erfaringane som over lang tid er bygd opp i eksisterande næringsliv, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank, Fjord Norge-direktør Stein Ove Rolland og tidlegare fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal (KrF) er blant dei som jobbar med strategien.
Kyst- og havkultur blir trekt fram som noko av det viktigaste som bind Vestlandet saman.
Prosjektet er organisert med ei styringsgruppe leia av Per Vidar Kjølmoen (fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal) og ei prosjektgruppe leia av Bergljot Landstad (Seniorrådgjevar i kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune). Ingvill Flo frå PwC er engasjert som prosjektleiar, skriv Vestland fylkeskommune.
Publisert: 19.05.2021 07:57
Sist oppdatert: 19.05.2021 08:02