Kort fortalt

– Laks fôra med insekt smakar annleis

Smakspanel med blindtest.

NPK
29.09.2022

(NPK): 84 prosent av eit uoffisielt smakspanel meiner at dei kunne merke forskjell mellom laks fôra på vanleg måte og laks som hadde ete fôr med insekt.

Havforskingsinstituttet gav utfordringa til folk i Bergen under Forskingstorget i byen nyleg. I ein blindtest fekk deltakarane smake på to ulike bitar med laks, og smakspanelet meinte at dei kunne kjenne forskjell.

– Vi fekk til saman 112 svar, og 94 av desse meinte at dei kunne kjenne forskjell på dei to bitane med laks, seier forskar Nina Liland.

Blindtesten bestod av ulike bitar med laks i same serveringsskål. Ein bit med tannpirkar i, som var vanleg laks, og ein bit utan tannpirkar, som hadde fått insekt i fôret. Etterpå fylte dei ut av spørjeskjema der dei svarte på om bitane smakte ulikt, kva for ein dei likte best, og kva dei trudde var insektlaksen.

Her var meiningane meir delte. 42 personar meinte at laksebiten med tannpirkar var insektlaksen, medan 40 andre meinte at biten utan tannpirkar var laksen som hadde fått insekt. 30 svarte at dei ikkje visste.

Nokre meinte av laksen mata med tradisjonelt fôr smakte meir og hadde sterkare smak enn insektlaksen. Andre igjen meinte at insektlaksen var saftigare og rundare i smaken.

– Vi såg ikkje nokon klar trend i kommentarane frå testarane. Det ar ganske delte meiningar også her, seier Nina Liland.

No skal eit profesjonelt smakspanel gå gjennom same testen.

(©NPK)

Publisert: 29.09.2022 15:22

Sist oppdatert: 29.09.2022 15:28

Mer om