NPK: I 2019 skal den aller første båten med sjømat til Europa gå frå hamna i Vikna i Trøndelag, skriv Trønder-Avisa.
Neste år blir historisk for midtnorsk sjømatnæring: I januar skal dei første lastene med laks frå Midt-Noreg fraktast med båt til Europa.
Havbruksnæringa i Midt-Norge eksporterer i år 400.000 tonn sjømat til Europa. I dag vert dette transportert på trailer via dei to laksevegane frå Vikna til Harran og frå Frøya/Hitra til Klett og derifrå sørover til Europa.
– Med den veldige produksjonsveksten av sjømat som er venta, er transporten nøydd til å komme over på meir berekraftige system. Både næringa sjølv og politikarane har fått auga opp for å transportere sjømat på sjø, seier styreleiar Oddvar Bakke i Nord-Trøndelag Havn IKS til Trønder-Avisa.

Publisert: 22.08.2018 14:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37