Kort fortalt

Laks rømde frå ny havmerd

Etter at merda krengde over.

04.09.2018
NPK: Ein del oppdrettslaks i havmerden Salmar Ocean Farm 1 i havet utanfor Frøya i Trøndelag såg sitt snitt og stakk da merden natt til måndag krengde og gav fri bane.
Oppdrettsselskapet Salmar fekk raskt retta opp merden og starta gjenfangst av den rømde laksen. Selskapet trur ikkje det dreier seg om mange laksar.
– Det er så langt gjort ein gjenfangst på 69 laks rundt merden. Dette indikerer at hendinga har eit avgrensa omfang, men vi tar dette på største alvor, seier konsernsjef Olav-Andreas Ervik i Salmar til oppdrettsavisa .
Det bemanna offshore-anlegget krengde slik at ein del av nota på det meste stod 18 centimeter under vatn. Årsaka skal ha vore at ei luke i eit tanksystem ved ein feil vart ståande open etter ein inspeksjon. Den strukturelle integriteten har likevel heile tida vore intakt, opplyser selskapet.
Fiskeridirektoratet skal onsdag inspisere oppdrettsanlegget for å kartleggje årsaka og omfanget av rømminga.
Gigantmerden Ocean Farm 1 vart i fjor haust det første oppdrettsanlegget i verda i ope hav. Den 68 meter høge stålriggen har ein diameter på 110 meter og plass til rundt 1,6 millionar laks. Målet har vore å lage eit rømmingssikkert anlegg som er mindre utsett for lakselus og sjukdom.

Publisert: 04.09.2018 16:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37