Kort fortalt

Lakselusa herjar på Vestlandet

Varsko frå forskarar.

NPK
29.06.2021

(NPK): Forskarar ropar no varsku om lakselus på Vestlandet. Fleire stader er det meir lakselus enn nokon gong før.

– Vi har ikkje sett så store mengder lus på sjøauren tidlegare, seier havforskar Knut Wiik i forskingsselskapet Norce til NRK.

I dei tolv åra selskapet har overvaka konsentrasjonen av lakselus i to område utanfor Bergen, har nivåa av lakselus aldri vore så høge som no.

Forskarane meiner forklaringa heng saman med høge sjøtemperaturar og at det er for mange anlegg i eitt område.

Funna uroar forskarane som meiner dei høge nivåa av lakselus trugar villaksen.

Generalsekretær Karoline Andaur i WWF Verdens naturfond meiner reglane for kor mykje lakselus som er tillate i oppdrettsnæringa, må bli endå strengare.

– Grensa som oppdrettsindustrien har på kor mykje lakselus dei kan sleppa ut av anlegga, er altfor stor samanlikna med villfisken som lever der, seier ho.

Fagsjef Karoline Skaar Amthor i Sjømat Norge meiner på si side at reglane for oppdrettsnæringa er svært strenge. Ho meiner lusetala kan ha naturlege forklaringar og ser ikkje dramatisk på situasjonen.

(©NPK)n

Publisert: 29.06.2021 11:26

Sist oppdatert: 29.06.2021 11:28

Mer om