Kort fortalt

Laksen blir stressa av rask vekst

Kvaliteten vert også dårlegare.

NPK
20.04.2022

Om våren og sommaren veks oppdrettslaksen raskt, og det kan føre til ein stressreaksjon i cellene. For å motverke dette treng fisken antioksidantar i fôret.

I ein fersk studie har forskarar på Havforskingsinstituttet (HI) teke prøvar av 20 oppdrettslaks kvar månad frå april til august, og deretter annankvar månad fram til desember.

– Frå mai til august fann vi at såkalla oksidativt stress hos fisken auka, og 90 prosent av fisken fekk nedsett syn, seier HI-forskar Kristin Hamre i ei sak på nettsida til Havforskingsinstituttet.

Fisken fekk også forandringar i melaninflekkar i fileten, noko som gjer at kvaliteten på fiskefileten blir dårlegare.

Laksefôr blir tilsett antioksidantar for å motverke slike problem, men forskinga viser at i juni hadde fisken brukt opp lagra sine av antioksidantane vitamin C og vitamin E. Forskarane jobbar no med å finne ut om laksen treng meir antioksidantar i fôret.

– Fiskefôret er allereie tilsett mykje vitamin C, vitamin E og astaxanthin. Vi er i gang med å undersøkje om løysinga er å tilsette andre antioksidantar i fôret, seier Hamre.

Publisert: 20.04.2022 14:11

Sist oppdatert: 20.04.2022 14:12

Mer om