Kort fortalt

Laksen tilbake på Vestlandet

Det ser ut til å bli normal laksefiske i elvane på Vestlandet i år.

NPK
15.07.2022

Det kan vestlendingane takke regnet for.

I fjor sommar var det 92 prosent mindre nedbør enn normalt på Vestlandet, som førte til mindre vatn og laks i elvane. I år er ikkje tørke eit problem, skriv NRK.

Meteorologiske institutt kan allereie konkludere med at juli vil gå inn i historiebøkene som ein våt månad i vest. På oppdrag frå Miljødirektoratet gjennomfører Norsk institutt for naturforsking (NINA) i juli kvart år ei førebels vurdering av innsiget av laks til Noreg. Det er så langt denne sesongen gode tal i vest.

– Basert på den evalueringa viser det at innsiget av laks i regionen frå Rogaland til Trøndelag ligg på nivå eller over gjennomsnittet som i perioden 2016–2019. Det vil seie at det er fisk her, seier Gry Walle, kontaktperson for fiskeriforvaltning hos statsforvaltaren i Vestland til NRK.

Samla sett ser ikkje Miljødirektoratet grunn til å innføre ekstraordinære regionale avgrensingar i laksefisket i sesongen 2022.

Publisert: 15.07.2022 09:13

Sist oppdatert: 15.07.2022 09:14

Mer om