Kort fortalt

Lakseoppdrett ved svenskegrensa

Tynset har trua.

NPK
24.02.2021

Kommunestyret i Tynset ynskjer å gå vidare med planane om eit landbasert oppdrettsanlegg for laks i kommunen.

– Landbasert oppdrett for laks er i tida, kvifor skal ikkje det vere mogleg hos oss, sa ordførar Merete Myhre Moen under debatten tysdag kveld, ifølgje Arbeidets Rett. Sjølv om fleire var kritiske, var det berre Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som røysta mot framlegget frå Senterpartiet om å gå vidare med planane.

Det er konsulentselskapet Sundnes Projects, som tidlegare har prøvd å etablere lakseoppdrett i Kautokeino, som står bak planane.

Sindre Sørhus i MDG seier at det kan godt hende at ideen om eit anlegg i Tynset er god, men at det ligg meir til rette for slike anlegg langs kysten og nærare marknadene.

Tynset kommune i Innlandet fylke vil bruke inntil sju millionar kroner på prosjektet.

Publisert: 24.02.2021 09:49

Sist oppdatert: 24.02.2021 09:52