Kort fortalt

Lakseungar vel kortaste ruta mot havet

Forsøk med lyttebøyer.

NPK
22.08.2022

(NPK): Når laksesmolt vandrar ut frå elva dei er fødde i tek dei raskaste vegen når dei skal ut i havet for å beite.

Det viser forsøk i to år der 440 ville lakseungar frå Altaelva vart utstyrte med akustiske merke. Med hjelp av lyttebøyer kunne forskarane følgje vegvala utover i fjorden.

– Det kan sjå ut som laksen nærast er programmert til å velje den kortaste ruta når han startar på utvandringa, seier havforskar John Fredrik Strøm i ein artikkel på nettsidene til Havforskingsinstituttet.

Han er ein av forskarane som i samarbeid med Lakseklyngen har undersøkt kva rute lakseungane vel når dei skal ut i havet og vekse seg store.

Inne i fjorden var laksen lite påverka av lokale miljøfaktorar, men dette endra seg etter kvart som den nærma seg ope hav:

– Då såg vi tydeleg at han valte den kortaste ruta med det kaldaste og saltaste vatnet, fortel Strøm.

Det kan sjå ut som den unge laksen plukkar opp miljøsignal i form av straum, salt og temperatur frå storhavet medan han sym utover fjorden.

Det er viktig å finne ut kva veg villaksen vel, blant anna fordi vegvalet kan bety auka dødelegheit, dersom vandringsruta går gjennom område med mykje lakseoppdrett.

(©NPK)

Publisert: 22.08.2022 10:09

Sist oppdatert: 22.08.2022 10:10

Mer om