NPK: Innovasjon Noreg har løyvd 15 millionar kroner i støtte til eit pilotprosjekt med landbasert lakseoppdrett i Florø.
Selskapet Havlandet Marin Yngel i Florø fekk konsesjon til det landbasert pilotanlegget i 2017, som dei no er eit stort steg nærmare å realisere. Anlegget har ei kostnadsramme på 50 millionar, som utover støtta frå Innovasjon Noreg skal finansierast av aksjonærane i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest, skriv .
– Vi er svært tilfredse med at Innovasjon Noreg er med og trur på prosjektet, seier direktør Roald Førde i INC Invest, eigaren bak Havlandet Marin Yngel.
Målet er eit oppdrettsanlegg på land med ein årsproduksjon på 10.000 tonn slakteklar laks, men først vil selskapet teste ut teknologien i eit mindre pilotanlegg.
– Prosjektet har vist seg utfordrande å realisere i stor skala. Derfor går vi vegen om eit pilotanlegg for å dokumentere at teknologien og biologien fungerer, seier Førde, som håpar på start til hausten og fisk i anlegget første halvår 2019.

Publisert: 07.09.2018 07:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37