Kort fortalt

Lange ventelister på fiske og fangst

Fleire unge vil til sjøs.

NPK
08.08.2022

Utdanningane for fiske og fangst har langt fleire søkarar enn plassar.

Linjene for fiske og fangst på Måløy og Austevoll vidaregåande skule har langt fleire søkarar enn dei har plass til, skriv NRK.

Rektor Vivian Bjånesø Horgen på Austevoll vidaregåande skule, fortel at skulen hennar har dei 60 søkarar til 30 plassar no i haust.

– Det er ikkje vanleg, seier Bjånesø Horgen til NRK.

Seinast for nokre år sidan måtte dei opne ei ekstra skuleklasse for å få plass til alle søkarane.

Dei høge søkartala har drive opp poenggrensa for inntaket. Ifølgje Bjånesø Horgen må ein ha snittkarakter på over 4.5 for å kome inn på fiske og fangst på Austevoll.

Leiar Kåre Heggebø i Norges fiskarlag trekk fram spenning, gode pengar og betre arbeidsvilkår når han fortel kva som har løfta populariteten til yrket. I tillegg har arbeidsforholda betra seg betrakteleg i seinare år.

Publisert: 08.08.2022 10:23

Sist oppdatert: 08.08.2022 10:25