Kort fortalt

Langt framme i fornybar energi

Norge og Sverige har nådd måla.

29.05.2019
NPK: Eit halvt år før fristen nådde Noreg og Sverige målet om 28,4 TWh fornybar energi innan 2020.
Noreg og Sverige har sidan 2012 hatt eit felles system for å nå måla for fornybar energi, kalla elsertifikatordninga, skriv . Målet var å auke produksjonen av fornybare kraftkjelder med 28,4 terawattimar fram mot 2020.
Ifølgje Kommunekraft.no er ein terawattime om lag så mykje kraft som Drammen nyttar gjennom eitt år. I 2015 vart det nytta om lag 130 terawattimar i heile Noreg.
Under behandlinga av energimeldinga i 2016 vart det vedtatt at Noreg ikkje skal setje nytt mål i elsertifikatordninga etter 2020. Sverige har på si side forlengt det felles elsertifikatsystemet med eit mål på ytterlegare 18 TWh ny produksjon i 2030.
Anlegg i Noreg må vere sett i drift innan 2021 for å kunne få elsertifikat.
Hittil er det bygd ut 20 TWh i Sverige og 8,4 TWh i Noreg.

Publisert: 29.05.2019 15:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34