Skjermbilde 2023 05 30 083859
KONTRAKT: Meir arbeid for Olympic Triton. Foto: Ulstein
Kort fortalt

Langtidskontrakt for Olympic Triton

Reach Subsea leiger Olympic-skipet for tre år.

30.05.2023

I tillegg til dei tre faste åra, følgjer det med ein toårig opsjon, pluss ein seksmånadersavtale som vart annonsert i februar.

Dette framgår av ei melding tysdag.

- Ved å leige Olympic Triton for de komande tre åra på attraktive økonomiske vilkår styrkar vi ytterlegare vår evne til å utnytte den akselererande marknaden, seier administrerande direktør Jostein Alendal i Reach Subsea.

Olympic Triton vart levert frå Ulstein i 2007. Skipet er 95 meter langt og er innreidd for 100 personar.

Publisert: 30.05.2023 08:46

Sist oppdatert: 30.05.2023 08:47

Mer om