Kort fortalt

Langøy eineeigar i elektroveteran

Brattvåg-konsern fekk knapt overskot i fjor.

Marius Rosbach
24.07.2023

Brattvaag Electro vart etablert i 1933 i Brattvåg, og er ei av dei eldste bedriftene i bransjen i Norge.

Dei siste åra har konsernet bestått av dotterselskapa Bra Elektro og Bra Tjeneste, etter ei omorganisering.

Tidlegare har Leif Arne Langøy eigd 50 prosent av elektroselskapet gjennom sitt investeringsselskap Lapas. Den andre halvparten har vore eigd av investeringsfondet Midvest I med base i Trøndelag.

I årsmeldinga frå Brattvaag Electro går det fram at Langøy kjøpte aksjane i elektrokonsernet i januar i år. Dermed er sunnmøringen eineeigar av selskapet.

Årsrekneskapen viser at konsernet hadde eit svakare år i 2022, samanlikna med året før. Av ei omsetning på 101 millionar, enda konsernet opp med eit resultat før skatt på knappe 100.000 kroner.

Også arbeidsstokken blei slankare i fjor, med ein nedgang frå 88 til 80 årsverk.

Brattvaag Electro (konsern)
Årsresultat (i mill kr)20222020
Driftsinntekter

101,7

114,2
Driftsresultat0,62
Resultat før skatt0,11,6

Konsernet har avdelingar i Skodje, Herøy og Ålesund, samt montørbase i Molde, i tillegg til hovudbasen i Brattvåg.

Lenge utgjorde elektrisk installasjon og service på båtar og skip hjørnesteinen av selskapets aktivitet, men no dreier meir av drifta seg om oppdrag på landsida, både offentleg, næringsliv og privat.

Publisert: 24.07.2023 15:13

Sist oppdatert: 24.07.2023 15:13

Mer om