NPK: Ferskfiskaktørar på Møre har starta eit forskingsprosjekt for å sjå på korleis dei kan framheve kvaliteten på fisken dei leverer.
Prosjektet «Ferskfisk frå Møre» er eit samarbeid mellom fiskarar, sals- og marknadsleddet og Møreforsking, og resultata blei lagt fram tysdag.
Saman med fiskarar og ferskfiskmottak har prosjektet utarbeidd ein kvalitetsstandard, som skal sikre gode rutinar frå fangst til distribusjon og sal.
Mellom anna må fiskarar og mottak gjennom eigne kurs for å få levere og ta imot fisk.
Ferskfisk som følgjer standarden, skal distribuerast som merkevara «Møre of Norway», med eit felles design.

Publisert: 22.11.2018 11:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36