Kort fortalt

Lanserte nynorskbanken

Voss Sparebank lanserte ny nettside.

NPK
23.02.2021

Nyleg lanserte Voss Sparebank nettsida www.nynorskbanken.no.

– Det er ikkje ein eigen bank, men ei grein av Voss sparebank. Me er opptekne av å tilby banktenester på eiga målform og brukar mykje tid på det i kvardagen, at kundane skal få fullverdige banktenester på nynorsk, seier banksjef Jørund Rong i Voss Sparebank til Framtida.no.

Banksjefen fortel at næringslivet ser på nynorsk som fordyrande, medan dei sjølve ser på bruk av nynorsk som verdiskaping og ein positiv ressurs.

Med lanseringa av nynorskbanken, tilbyr dei òg eit eige bankkort med Ivar Aasen som motiv på kortet. Banksjefen fortel om positiv respons på kortet.

Leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, synest det er kjekt å sjå nynorsktiltak i ein bransje som er lite prega av nynorsk dominans.

– Det er veldig kjekt å sjå bedrifter som har eit så bevisst forhold til språk og identitet og vågar å bruke nynorsk i marknadsføringa av produkt og tenester som dei tener pengar på, seier han til Framtida.

(©NPK)

Publisert: 23.02.2021 17:21

Sist oppdatert: 23.02.2021 17:23

Mer om