
Leinebjørn bygger ny båt i Danmark
Herøy-reiarlag har selt «gamlebåten».
Leinebjørn har bestilt ny fiskebåt frå danske Karstensens Skibsverft og selt «gamlebåten» til Vestlands-reiarlaget Røttingøy, ifølgje Vestlandsnytt.
Nye Leinebjørn blir litt lengre enn den noverande med 69,9 meter og ha større motor. Byggestart blir truleg neste haust og den skal leverast frå verftet i 2027.
– Vi ser fram til å få ein båt som er meir tilpassa behova våre. Den mest vesentlege oppgraderinga for oss blir no at båten blir betre på tråling. Det blir enklare med to nettromlar og lagerbinger om bord.
Herøy-reiarlaget omsette for drygt 85 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på 33,5 millionar i 2023
Publisert: 27.06.2024 19:17
Sist oppdatert: 27.06.2024 19:17