Kort fortalt
Betring for Leite & Howden
Gjekk i pluss i fjor etter to tapsår.
19.04.2023
Leite og Howden starta opp i Ålesund i 1982, som eit uavhengig arkitekt- og ingeniørkontor.
I tillegg til hovudkontor i Ålesund, har selskapet eit kontor i Brumunddal.
Selskapet tek på seg prosjektering i heile Norge, og har i dag ti medarbeidarar med ulik kompetanse og erfaring, i hovudsak sivilarkitektar, arkitektar og ingeniørar.
Selskapet har ein samla eigenkapital på 1,8 millionar kroner, og null i langsiktig gjeld.
Dagleg leiar Roger Howden og familien som eig 50 prosent. Resten er eigd av Are Blindheim, Kurt Hugo Blindheim og Eva Blindheim Remøy, samt ein liten aksjepost med A-aksjar som Roger Blindheim sit på.
Leite & Hovden Arkitekt- og Ingeniørkontor | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 10 | 7,9 | |
Driftsresultat | 0,1 | -1,4 | |
Resultat før skatt | 0,1 | -1,4 |
Publisert: 19.04.2023 12:32
Sist oppdatert: 19.04.2023 12:32