Kort fortalt

Lenger avstand mellom campingvogner

Nye campingvogn-reglar kan føre til økonomisk tap.

NPK
21.07.2021

Over nyttår skal avstandskravet mellom campingvogner auke frå tre til fire meter. Samtidig som dei nye krava blir ønskt velkommen, fryktar nokre økonomisk tap.

I dag skal campingvogner ha minst tre meters avstand når dei er sette opp på campingplassar. Over nyttår er planen at denne avstanden skal verte auka, skriv NRK Nordland.

Ifølgje administrerande direktør i Norsk brannvernforening, Rolf Søtorp, er det viktig å halde riktig avstand når ein er samla så mange på ein stad.

– Dei fleste campingplassar har ferdig oppmerkte oppstillingsplassar som held tremetersregelen, men tre meter er ikkje nok til å hindre ein brann frå å spreie seg vidare, seier Søtorp.

Dagleg leiar ved Topcamp Mosjøen, Espen Langvatn, seier han er førebudd på å følgje dei nye krava. Han innrømmer at dei nye krava vil gi færre plassar, men meiner likevel at branntryggleik er det viktigaste.

Samtidig fryktar enkelte at dei nye avstandsreglane vil føra med seg andre utgifter som til dømes større kostnader til utbygging, sprenging og graving i terreng..

Publisert: 21.07.2021 13:37

Sist oppdatert: 21.07.2021 13:38