(NPK): Liabygda i Stranda på Sunnmøre byter kommune. Det er det mange som er glade for.
Kommunal- og distriktsdepartementet endra kommunegrensa mellom Strand og Fjord kommunar, melder NRK.
Liabygda, som ligg på austsida av Storfjorden i Møre og Romsdal, har til no vore dela av Stranda kommune, som ligg på vestsida av fjorden. Bygda byter no kommune, og vert ein del av Fjord kommune, som altså ligg på same sida av fjorden som Liabygda.
– Me vert jo i sentrum då, i kommunen. Og det kan jo også dra med seg noko. Og me får i alle fall tenestene landfaste heile døgeret, seier Lars Kjell Smoge, som saman med andre i bygda har arbeidd lenge for å få til endringa.
I dag må liabygdingane ta ferja over fjorden for å nå sentrale tenester, men frå 2027, når endringane tre i kraft, vert dette ikkje lenger naudsynt.
(©NPK)
Publisert: 02.12.2025 13:25
Sist oppdatert: 02.12.2025 13:25





