NPK: – No føreslår vi å liberalisere ekspressbussane ytterlegare. Dersom bussruta er over 50 kilometer, treng ikkje tildelinga av ruteløyve behovsprøving, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Samferdselsdepartementet har no sendt framlegg om endringar i yrkestransportlova og yrkestransportforskrifta ut på høyring.
Av framlegget går det fram at tildeling av ruteløyve for kommersielle bussruter med ei rutelengde på 50 kilometer eller meir ein veg ikkje lenger skal behovsprøvast.
Som følgje av dette kan det ikkje setjast forbod mot lokaltrafikk på lokale strekningar på slike ruter. Det vil vere opp til operatøren om han vil utføre lokaltrafikk på ruta. Framlegget gjeld uavhengig av om ruta kryssar ei fylkesgrense eller går innanfor eit fylke.
I høyringa er det og foreslått at løyve for kommersielle flybussar heller ikkje skal behovsprøvast – uavhengig av rutelengde. Vilkåret er at alle passasjerane må gå på eller av på ein flyplass.
Høyringsfristen er sett til 2. januar 2019.

Publisert: 15.10.2018 15:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37