Kort fortalt

Lite mangfald blant leiarane i store selskap

Éin nordmann med ikkje-vestleg bakgrunn i Noregs 50 største selskap.

NPK
22.09.2025

(NPK): Mangfaldsundersøkinga 2025 syner at det berre er éin nordmann med ikkje-vestleg bakgrunn i leiargruppene til Noregs 50 største selskap.

Det er PA Consulting som har sett nærare på samansetninga i leiargruppene til Noregs største selskap og offentlege verksemder.

– Undersøkinga i år stadfestar endå ein gong at det er altfor få nordmenn med ikkje-vestleg bakgrunn i norske leiargrupper. Vi synest det er oppsiktsvekkjande at tala ikkje har vorte noko betre sidan vi starta med undersøkinga i 2019, særleg fordi vi opplever at mange selskap har uttalt at dei skal prioritere dette, seier Ali Rana, som er ansvarleg for undersøkinga i PA Consulting.

Henrik Inadomi, som er avdelingssjef for New Energies i Aker Solutions, er den einaste nordmannen med ikkje-vestleg bakgrunn i leiinga blant dei 50 største selskapa i undersøkinga i år. Blant dei 100 største selskapa er talet fem, inkludert nemnde Inadomi finn vi då Sefin Adam og Jawad Asadi, som er høvesvis salsdirektør og varehussjef i Elkjøp, konsernsjef i Obos, Daniel Kjørberg Siraj, og Maria Skovly, som er salssjef i Circle K Norge.

(©NPK)

Publisert: 22.09.2025 09:43

Sist oppdatert: 22.09.2025 09:43

Mer om