Kort fortalt

Lite virus i utvandrande villaks

Har testa laks i Romsdalsfjorden.

NPK
22.03.2022

To av 300 undersøkte villaksar testa positivt for to virus som er vanlege i lakseoppdrett.

Havforskingsinstituttet (HI) har sidan 2012 overvaka virusførekomstar i vill laksefisk på oppdrag for Mattilsynet.

I fjor testa forskarane 100 utvandrande villaks frå Hardangerfjorden, 100 frå Romsdalsfjorden og 100 frå Altafjorden. Av desse vart det påvist infeksiøst lakseanemi-virus (ILAV) i eitt individ frå Altafjorden og salmonid alfavirus (SAV) i eitt individ frå Hardangerfjorden.

– Funnet av ILAV var sannsynlegvis av den ikkje sjukdomsframkallande varianten av viruset. Funnet av SAV er usikkert sidan det var indikasjonar på svært lågt nivå av viruset. Av den grunn kan det kan vere eit falskt positivt resultat, forklarer forskar Abdullah Sami Madhun på nettsidene til Havforskingsinstituttet.

– Resultata av overvakingsprogrammet tyder på ein svært låg førekomst av SAV og ILAV i utvandrande villaks, konkluderer Madhun.

Publisert: 22.03.2022 09:49

Sist oppdatert: 22.03.2022 09:50

Mer om