Liten dett for gasellebedrift
Vanylvs-selskapet Strand Stillas fekk ein liten dett i omsetning og resultat i 2022.
I 2019 vart Strand Stillas kåra til gasellebedrift av Dagens Næringsliv for fjerde året på rad, etter at selskapet vaks kraftig.
I fjor stoppa omsetninga på 31,9 millionar kroner, 0,9 millionar mindre enn rekordåret 2021.
Også resultatet før skatt fekk seg ein dett.
Strand Stillas produserer eigenutvikla aluminiumsstillas, og har ei lang rekke ulike stillaspakkar.
Selskapet var det første norske selskapet som fekk Sintef-godkjenning for aluminumsstillas.
Produksjonen er i stor grad robotisert, og skjer på Fiskå.
Selskapet hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på 8,8 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 17,3 millionar.
I fjor sysselsette Strand Stillas sju årsverk.
Selskapet er eigd av Asbjørn Strand.
Strand Stillas | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 31,9 | 32,8 | |
Driftsresultat | 1,5 | 3,2 | |
Resultat før skatt | 0,4 | 2,6 |
Publisert: 11.05.2023 15:58
Sist oppdatert: 11.05.2023 15:58