Kort fortalt

Litt færre uføretrygda

Ved utgangen av juli var 362.000 personar i Noreg uføretrygda.

NPK
20.09.2022

Det utgjer 10,4 prosent av befolkninga, ein del som har vore stabil i sju kvartal på rad.

Augusttala frå Nav viser ein nedgang på nær 800 personar frå månaden før og ein ørliten nedgang i prosent av befolkninga som er ufør, ned 0,1 prosentpoeng frå førre månad. Det er likevel på nivå med talet på trygda i januar.

Av fylka er det Agder som står med høgast del uføretrygda, med 14,2 prosent. Deretter følgjer Innlandet med 14 og Nordland med 13,7 prosent. Lågast uføredel har Oslo, med 6,2 prosent

Ein prognose frå Nav anslår at det ved utgangen av inneverande og neste år vil vere 367.500 og 378.500 uføretrygda.

Det vil i så fall innebere ein del uføretrygda i befolkninga på 10,7 prosent ved utgangen av 2022, medan delen i desember 2023 blir spådd å vere 10,9 prosent.

Publisert: 20.09.2022 11:24

Sist oppdatert: 20.09.2022 11:25

Mer om