Litt svakare for vinekspert
Øyvind Tvedt-selskap omsette for 2,2 millionar i fjor.
Ålesund-selskapet Vinconsult vart starta opp av Øyvind Tvedt i 2013. Med unntak av 2018 og dei to første åra, har satsinga gått i pluss. Så også i 2022, som omsetningsmessig var det nest beste året sidan starten.
Tvedt er utdanna sommelier, er medeigar og dagleg leiar ved Vino Bar, og er også inne i Vino Piemonte. I selskapet Vinconsult tilbyr han produkt og tenester spesielt til horeca-marknaden (hotell, restaurant, catering, red merk). Han har også lang erfaring som vinkonsulent, foredragshaldar og vinskribent.
Selskapet har ein eigenkapital på 0,8 millionar kroner, og hadde eit varelager ved årsskiftet på vel 0,4 millionar kroner.
Vinconsult | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 2,2 | 2,7 | |
Driftsresultat | 0,05 | 0,2 | |
Resultat før skatt | 0,05 | 0,3 |
Publisert: 25.04.2023 06:00
Sist oppdatert: 25.04.2023 03:38