Kort fortalt

Litt svakare frå 94-åring

Ålesund-selskapet Strafo har drive med overflatebehandling sidan 1929.

24.04.2023

Aksjeselskapet vart oppretta i 1997, og har drive i pluss sidan starten. Beste året var i 2011, med ei omsetning på 10,9 millionar kroner. Siste åra har derimot omsetninga dala, og enda i fjor på 7,2 millionar.

Selskapet sysselsette i fjor tre årsverk. Ifølgje heimesida driv dei hovudsakeleg med galvanisering av henge- og trommelgods (elforsinking), med blå(blank) og sort kromatering.

Strafo har ein eigenkapital på 1,7 millionar kroner, og null i langsiktig gjeld.

Eigar er Johan Strand.

Strafo
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 7,2 7,4
Driftsresultat 0,2 0,4
Resultat før skatt 0,2 0,5

Publisert: 24.04.2023 07:00

Sist oppdatert: 24.04.2023 06:22

Mer om