Skjermbilde 2023 05 22 123010
ELLINGSØYA: Rongve og Fylling Elektro er totalleverandør av elektrotenester. Illustrasjonsbilde: Rongve og Fylling Elektro
Kort fortalt

Litt svakare frå Ellingsøy-firma

Rongve og Fylling Elektro fekk omsetningsfall på 2,2 millionar kroner.

22.05.2023

Rongve og Fylling Elektro AS er en totalleverandør av elektriske installasjonar for bedrifts- og privatmarknaden. Selskapet blei etablert i 2009 etter samanslåing av Arne Rongve AS og Elektroservice Valderøy AS.

Sidan 2016 har omsetninga passert 20 millionar kroner, og selskapet har gått i pluss sidan starten. I fjor vart det både svekka omsetning og svekka resultat i høve til 2021, som var eit spesielt godt år.

Selskapet har 13 tilsette, har ein samla eigenkapital på 5,3 millionar kroner, og null i langsiktig gjeld.

Arne og Gunnar Rongve eig 60 prosent, medan Per-Arne og Ranveig Fylling eig 40 prosent.

Rongve & Fylling Elektro
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 23,1 25,3
Driftsresultat 0,4 2,1
Resultat før skatt 0,4 2,1

Publisert: 22.05.2023 15:00

Sist oppdatert: 22.05.2023 12:40

Mer om