Nordbohus volda
VOLDA: Nordbohus Volda-tilsette avbilda då avtalen med Nordbohus vart gjort. Frå venstre Per Sigvald Hoggen. Sverre Hoggen, Tove Mek Eidset, Pål Sindre Myklebust og Stian R, Moursund frå Nordbohus. Foto: Nordbohus Volda
Kort fortalt

Litt svakare frå Volda-selskap

Volda-selskapet BMH Bygg reduserte innteninga med 10,1 millionar kroner frå 2021 til 2022.

12.04.2023

Driftsinntektene kom likevel opp i 39,1 millionar kroner, nest høgast sidan starten.

BMH Bygg driv med arkitekttenester og bygging av hus, og er eigd av Nordbohus Volda, Bak står lokale aktørar, fleire med lang bakgrunn frå byggjebransjen.

I 2020 vart Nordbohus overtatt av Mestergruppen.

Selskapet har ein eigenkapital på 2,4 millionar kroner, og 1,0 millionar i langsiktig gjeld.

Per Sigvald Hoggen og familien er største aksjonær med 25,3 av aksjane, medan Bjørn Ove Vassbotn og Tove Mek Eidset eig 24 prosent kvar. Pål Sindre Myklebust eig 20 prosent, medan Sverre Hoggen eig 2,6 prosent.

BMH Bygg
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 39,1 49,2
Driftsresultat 1 2,4
Resultat før skatt 0,9 2,4

Publisert: 12.04.2023 05:32

Sist oppdatert: 12.04.2023 05:36

Mer om