Lokal drikke i særklasse frå Stranda
Tildelt kvalitetsutmerking frå bransjeorganisasjon.
(NPK): Fire sideri og eplepresseri frå Hardanger, Telemark, Gloppen og Sunnmøre fekk tildelt Spesialitetsmerket, då Noregs beste drikke skulle kårast.
«Norges beste drikke» er ein årleg nasjonal konkurranse for norske drikkeprodusentar som driv lokal foredling av norske råvarer til norsk drikke. Stiftelsen Norsk Mat og HANEN står bak kåringa.
I årets konkurranse fekk Sjure Eplepresseri i Gloppen, Skarbø Gard frå Stranda på Sunnmøre, Nyhuus Gard i Telemark og Åkre Gård i Hardanger Spesialitetsmerket for sine eplemostar og sidrar.
Spesialitetsmerket er eit offisielt informasjonsmerke som vert tildelt den beste lokalmaten og lokaldrikken. Merket skal løfte fram lokalmat- og drikke med særlege kvalitetar og gjere dei enklare å finne i butikkane.
(©NPK)
Publisert: 18.03.2024 12:17
Sist oppdatert: 18.03.2024 12:17