NPK: Folk les lokalaviser både på nett og papir, går det fram av nye opplagstal for første halvår.
Fordi opplagstala til mediebedriftene i år har nytt regelverk å halde seg til og det i tillegg er innført ny rapporteringsmetode for digitale lesartal, kan ein ikkje samanlikne opplagstala og dei digitale lesartala med tidlegare tal.
Av statistikken til Mediebedriftenes landsforening går det fram at lokalaviser blir lest meir og meir på digitale plattformer, men papirutgåvene står seg likevel framleis godt. Lesarane og annonsørane vil ha lokalt innhald både på nett og papir.
Landslaget for lokalaviser (LLA) er organisasjonen for over 100 av lokalavisene her i landet. Desse fådagarsavisene har no eit netto opplag på dryge 331.000 eksemplar. Over 3/4 av opplaget er digital-abonnement, der lesarane får tilgang til alt innhaldet både på nett og papir.
Ifølgje tal som Sigurd Høst ved Høgskulen i Volda nyleg la fram, er det 40 fleire fådagarsaviser på papir i dag enn for 30 år sidan.
– Det viktigaste for lokalavisene er å tilby relevant og truverdig innhald i lokalsamfunnet, uavhengig av plattform. Godt journalistisk innhald og produktutvikling gjer lokalavisene til attraktive mediekanalar både for lesarane og annonsørane, seier styreleiar i Landslaget for lokalaviser Tomas Bruvik i ei pressemelding.

Publisert: 25.09.2018 17:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37