IMG 0322 1
Her er årets lærlingspatrulje. Foto: LO Møre og Romsdal
Kort fortalt

LOs lærlingspatrulje: – Dårlig oppfølging frå opplæringskontora

Fleire har arbeidskontrakt og opplæringskontrakt enn tidlegare.

LO Møre og Romsdal si lærlingpatrulje har undersøkt forholda til lærlingar i fylket i perioden 30. oktober til 3. november.

Dei har oppsøkt lærebedrifter og intervjua lærlingar om deira trivsel, arbeidsvilkår og opplæring i bedrifta.

Lærlingspatruljen har vore i kontakt med 185 bedrifter, og prata med 87 lærlingar.

– Ei positiv utvikling frå tidlegare år at at alle vi har prata med har arbeidskontrakt og opplæringskontrakt, seier fagleg ungdomssekretær Joakim Silkoset.

Lærlingar føler på mindre oppfølging
Ifølgje LO gir opplæringskontora dårleg oppfølging av lærlingane. Det er ei stor auke som seier dei ikkje har vore i kontakt med opplæringskontoret sitt.

– Det er dei som har det formelle ansvaret for opplæringa og det er viktig at dei tek ansvaret sitt på alvor, følgjer opp og støtta både lærlinga og bedrifta ved jamne møter med veiledning.

Gjennom patrulja har dei sett at fleire lærlingar fortel om dårleg oppfølging og tid med å arbeid med teoretiske læremål i arbeidstida.

– Det er viktig å huske på at ein lærling framleis går skule. Ein har berre flytta læremiljøet ut frå klasserommet og til bedrifta.

Publisert: 10.11.2023 11:22

Sist oppdatert: 10.11.2023 11:22

Mer om