Kort fortalt

Lovande forsøk med snigleoppdrett

Kan bli starten for ny næring.

NPK
24.08.2023

(NPK): Franskmenn ser på strandsnigelen som ei delikatesse. No har norske forskarar for først gong klart å dyrke fram arten og håpar dette kan bli starten for strandsnigelen i den norske oppdrettsnæringa.

Det skriv Gemini.no.

I dag er det ikkje oppdrett av strandsnigel nokon stad i verda. Den blir kun hausta manuelt frå fjøra.

Enno er strandsnigelen eit særsyn på norske bord, men i Frankrike, Spania og Portugal er den populær – særleg som julemat. Sniglane har gått frå å vere kvardagskost til å bli ei meir eksklusiv vare. Kiloprisen for levande snigel med skal er omtrent som for laks.

Forskar Adreas Hagemann som leier prosjektet, er spent på å sjå om resultata i laboratoria blir like bra i større skala.

– I så fall ser det svært lovande ut for oppdrett av strandsniglar i Noreg. I tillegg til å produsere verdifull mat, kan oppdrett redusere presset på dei ville populasjonane, seier Hagemann.

(©NPK)

Publisert: 24.08.2023 14:42

Sist oppdatert: 24.08.2023 14:42

Mer om